Kvelpekurs på Leikanger
Kurset har boka Best hver-dag som kursbok. Denne boka er ikkje inkludert i kursavgifta - men du får kjøpt den til redusert pris kr. 200 - for dei som ynskjer det.

Boka er svært enkel å forstå med stort sett enkle teikningar og lite tekst. Frå boka: Det hunden gjer ofte blir den flink til, uansett om det er ting du vil at hunden skal gjera eller ting du ikkje vil den skal gjera. Skapar du gode vaner i kvardagen så blir livet ditt med hund både kjekkare og enklare. På kurset går ein igjennom øvelsar for å skape gode vaner, slik som å gå fint i bånd, bli håndtert, vente og innkalling. Du får også ei innføring av korleis lære hunden øvelsar som sitt og dekk.

All trening vil foregå med positiv forsterkning = belønningstrening.

Instruktør vert Anne Katrin Bøyum. NKK-trinn 1 instruktør. Ho har konkurert lydigheit klasse 3, retrieverjakt begynnerklasse, spor, agility, agility hopp, utstilling og rally mm. Ho driv opprett av labrador under kennelnamnet Irta.

Kurset er på 16 timar med instruktør.
Pris kr 1000 (Kr. 1300 for ikkje medlem i Luster hundeklubb) + kursbok kr. 200.
Juniormedlem i LHK (under 20 år og registrert i medlemslista) får kr. 250 i avslag på kurset.
Du får informasjon om betaling når du har fått bekrefta plass på kurset.

Kurset går over åtte kveldar. Deltakarane vil få nærare informasjon på epost.

Onsdag 24.04.2019 17.30-19.30 Teorikveld
Man 29.04.2019 17.30-19.30 Praktisk trening
Man 06.05.2019 17.30-19-30 Praktisk trening
Man 13.05.2019 17.30-19.30 Praktisk trening
Man 20.05.2019 17.30-19.30 Praktisk trening
Man 27.05.2019 17.30-19.30 Praktisk trening
Man 03.06.2019 17.30-19.30 Praktisk trening
Ons 05.06.2019 17.30-19.30 Avslutning

Hunden må være fylt 12 veker ved kursstart praktisk trening og det skal ha gått 14 dagar etter første vaksine.
Hugs at hunden din må vera vaksinert etter reglane til Norsk Kennel Klub for å delta på kurs.
I kortversjon så betyr dette at den skal vera vaksinert mot kvelpesjuke ein gong etter fylte 10 veker - så på nytt att etter eit år dersom hunden din er så gamal og så kvart tredje år.

Spørsmål kan rettast til instruktør Anne Katrin Bøyum på telefon 94 79 85 77 eller epost anne.boyum@outlook.com

Påmeldingsfrist 15.04.

Medlemmer i Luster hundeklubb (betalt medlemskontigent for 2019) får 1. prioritet dersom kurset er meir enn fullt når påmeldingsfristen går ut.

Email address *
Namn kursdeltakar: *
Your answer
Født år: *
Your answer
Telefonnummer: *
Your answer
Er du medlem i Luster hundeklubb? *
Required
Namn hund: *
Your answer
Alder og kjønn hund: *
Your answer
Rase: *
Your answer
Eg ynskjer å kjøpe kursboka "Best hver dag" *
Har du nokon spesielle planar for hunden din eller utfyllande informasjon som instruktøren bør vite om?
Your answer
A copy of your responses will be emailed to the address you provided.
Submit
Never submit passwords through Google Forms.
reCAPTCHA
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service