Kvelpekurs i Luster hundeklubb januar 2017
For kvelpar som første kursdag er under 6 månader. 10 veker er minstealder.
Har du yngre kvelp enn dette eller du ikkje har fått kvelpen din enno, kan du vera med som observatør (nyttig!).
Kurset går ute på brøyta plass der det er lys. Sidan det vert både instruktør og hjelpeinstruktør på kurset så er det plass til maks 8 kvelpar og det må vera minst 4 kvelpar påmeldt for at det skal bli kurs.

Kurset bygger på trening med positiv forsterkning = belønningstrening.
Instruktør vert Inger Handegård NKK trinn 2 instruktør
Hjelpeinstruktør vert Stine Stine Eidslott Svinø

Me går bl.a. gjennom: Kontakt hund-førar. Belønningssignal/ord og belønning. Leik.
Innlæring av grunnmoment som innkalling, sitt og dekk.
Handtering, stell, fôring, fysisk og psykisk trening/mosjon. Kva bør kvelpen kunne før den er 6 månader?
Kva mål har du med kvelpen din?

Stad: Gaupne

Me startar klokka 19.00.

1,5 time kvar kveld. Veksling mellom teori, demonstrasjon og trening.

Kurskveldar er:
Onsdag 11, torsdag 19, onsdag 25 januar, torsdag 2 og 8 februar.
Det KAN bli mindre endringar dersom Inger må på kveldsmøte med jobb nokre av desse dagane.

Påmelding er bindane. Kurset kostar kr. 900 for medlemmer i Luster hundeklubb (betalt medlemsavgift for 2017) og kr. 1100 for andre. Du vert medlem ved å gå på www.nkk.no, velg bli medlem eller gå på Min side dersom du er medlem i andre klubbar frå før, og vel så Luster hundeklubb. Det er nok at EIN i familien er medlem pr. kvelp. Betalt kursavgifta når du har fått bekrefta plass på kurset. Dersom mange er interessert i kurset har medlemmer i LHK førsteprioritet.

Alle får bekrefta plass seinast 6. januar - etter den tid er det førstemann til mølla dersom det er ledige plassar.

Det vert nokre observatørplassar for deg som er medlem i Luster hundeklubb - og observatørplassen er GRATIS. Ynskjer du å vera observatør melder du deg på som det og skriv om du har fått hund og kor gamal den er. Du som ventar på kvelp eller som har for ung kvelp til å gå dette kurset, vert prioritert. OBS: Familiemedlemmer til deg som melder på kvelp til kurset skal IKKJE meldast på som observatørar. Dei får vera med uansett.

Rase (blanding av dersom det er blanding)
Your answer
Hundens alder i månader og kjønn
Your answer
Hundens kallenamn
Your answer
Eg melder meg på kun som observatør fordi
Kontaktperson - namn
Your answer
Mobiltelefon - nummer
Your answer
E-post:
Your answer
Eg er medlem i Luster hundeklubb
Submit
Never submit passwords through Google Forms.
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service