Påmelding Hytteleik 23.-25. august 2019
Helga 23.-25. august skal Leikarringen i BUL Oslo på hyttetur på Bondehytta. Turen er ein del av 100-årsmarkeringa vår Hundreleik og me håpar du har lyst til å vere med på feiringa. Meld deg på i skjemaet under.

Praktisk info:
Ta med deg tørrmat, sovepose, badetøy, dansesko og det du ellers måtte ha behov for. Ta gjerne med instrument om du har.
Pris for middag og overnatting ei natt: 120 kr. for medlemmar, 150 kr. for ikkje-medlemmar.
Pris for middag og overnatting to netter: 150 kr. for medlemmar, 200 kr. for ikkje-medlemmar.
Merk: Det er ikkje enkelt å parkere bil nær hytta, så me oppmodar alle å nytte tog.

Foreløpig program: (NB: togtidene kan endre seg)
Fredag:
Tog Oslo S 17:42 - Movatn 18:03
Hyttekos

Laurdag:
Tog Oslo S 09:42 - Movatn 10:03 (for dei som ikkje kom fredagen)
12:00 Utelunsj
13:00 Leikiade (ei spennande og særs variert gruppetevling)
15:00 Bading, kvile, stikkball med Torbjørn, krokket, middagslaging
17:00 Festmiddag
19:00 Dans og hytteleikar
21:00 Kaffi, kaker, premie- og prisutdeling
Dans og leik utover natta

Sundag:
Frukost, tur, bading, blåbærplukking og anna kos.
Tog Movatn 14:24 - Oslo S 14:48 (avreise ca. 13:30 frå hytta)


Spørsmål? Kontakt Astrid Skrindo: 95088559 eller astrid@skrindo.no.
www.hundreleik.no.

Email address *
Slik kjem du deg frå Movatn til Bondehytta!
Namnet ditt (for- og etternamn) *
Your answer
Telefonnummer *
Your answer
Kor lenge blir du? *
Required
Har du allergiar eller behov for noko tilrettelegging?
Your answer
Fotoløyve *
Required
Spørsmål eller kommentarar?
Your answer
Submit
Never submit passwords through Google Forms.
reCAPTCHA
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service