Søk om å få ein gjesteinstruktør til laget ditt
Fyll ut skjemaet under for å søke om å få ein gjesteinstruktør til laget ditt.
Email address *
Gjesteinstruktør
Lokal- eller fylkeslag i Noregs Ungdomslag (NU) kan få besøk av ein gjesteinstruktør til å halde helgekurs i laget sitt. Ein kan velje mellom danse-, teater- eller organisasjonskurs.
For dans og teater betaler laget ein eigenandel på kr 5000 og NU betaler honorar, reise, diett og overnatting for instruktøren. Laget må sjølv organisere kurset, stille med lokale og ordne med påmelding mm. Laget pliktar å melde inn kurset til Studieforbundet kultur og tradisjon, seinast same dag som fyrste kursdag. Her får ein kurstilskot for deltakarar over 14 år. Kurset må vere minimum på 8 timar, maks 10.
For organisasjonskurs vert det tilbydd kurs ved kapasitet og den økonomiske løysinga er at laga betalar mot sjølvkost for kurset.

Søknadsfristar:
Me har to fristar i året for å søke om å få gjesteinstruktør til laget.
1.september og 1.februar

NU har diverre ikkje midlar til veldig mange kurs, difor vil det ikkje vere nok til alle lag kvart år.
Lag kan nytte seg av ordninga kun ein gong kvart år, men dei kan søke på begge fristane dersom dei har fått avslag.

Fyll ut skjemaet under for å søke. Svar kjem innan eit par veker etter fristen.

Har de spørsmål kring skjema eller ordninga kan de ta kontakt med inger.johanne@ungdomslag.no (teater), solveig@ungdomslag.no (dans) eller alf.steinar@ungdomslag.no (organisasjon).

Namn på laget *
Your answer
Namn på kontaktperson *
Your answer
Telefon *
Your answer
Ynskjer de gjesteinstruktør i dans, teater eller organisasjon? *
Kva tema ynskjer de å ha kurs i? *
Your answer
Har de ynskje om ein spesifikk instruktør? (Det er muleg å skrive fleire namn) *
Your answer
Kva målgruppe er kurset meint for? (Unge, vaksne, nye, vidarekomne mm.) *
Your answer
Kva dato(ar) er aktuelle for dykk å ha kurs? (Skriv gjerne fleire aktuelle datoar, ev. kva datoar som ikkje høver) *
Your answer
Kva stad skal kurset foregå? *
Your answer
Har de nytta gjesteinstruktørordninga hjå NU tidlegare? Hvis ja, når og til kva kurs? *
Your answer
Kvifor er det viktig for dykk å få besøk av ein gjesteinstruktør? *
Your answer
Instruktørkurs
I tillegg til gjesteinstruktørordninga skipar NU til nasjonale instruktørkurs i dans og teater, 4 på dans og 4 på teater kvart år. Kursa er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer i NU.
Desse kursa er det NU som er økonomisk ansvarlege for, men det er vanleg at eit lokal- eller fylkeslag er lokalt vertskap på sjølve kurset. Instruktørkursa skal skipast rundt om i heile landet.
Les meir om instruktørkursa her: http://www.ungdomslag.no/aktivitet/opplaering-og-kurs/.

Under følger eit par spørsmål til dykk om interessa for instruktørkurs. Spørsmåla er kun for å samle informasjon, og svara er ikkje forpliktande frå laget si side.

Kunne det vore aktuelt for laget dykkar å vere vertskap for eit instruktørkurs? *
Har de tankar om kva tema instruktørkurset kan ha? *
Your answer
Har de innspel til kva stad instruktørkurset kan vera? *
Your answer
Har de innspel til kva instruktør instruktørkurset kan ha? *
Your answer
Har de medlemer i laget dykkar som er interesserte i å delta på instruktørkurs? *
Har de medlemer i laget som har delteke på instruktørkurs hjå NU tidlegare? *
Spørsmål eller noko meir de vil informere om?
Your answer
Eg godkjenner med dette at NU kan lagre informasjon gitt i dette skjema. *
A copy of your responses will be emailed to the address you provided.
Submit
Never submit passwords through Google Forms.
reCAPTCHA
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service