Nysgjerrig på knipling? Bli med på kurs for nybyrjarar!
Tid: To laurdagar i mars: 22. og 29. mars frå kl. 10 til kl. 16
Stad: Tekstilrommet på Leikanger ungdomsskule
Maks 5 deltakarar - førstemann til mølla!
Kniplingar er ein type blondearbeid laga av trådar som blir slynga eller fletta om kvarandre og festa med knutar. Dei blir gjerne brukte til å dekorera andre tekstilar, ofte som bordar. Til å framstilla kniplingar bruker ein kniplepinnar, det vil sei trepinner som trådane er vikla opp på, og ei kniplepute.
Dette kurset passar for deg som aldri har teke i en kniplepinne før og som vil lære grunnslaga og å lese arbeidsteikningar. Ingen forkunnskap er nødvendig. Kurset går gjennom vevslag, dobbeltslag og enkeltslag (lerretsslag, heilslag og halvslag).
Kurshaldar er Anne Margrete Stenstadvold.
Pris:
Kursavgift: kr. 1000 for ikkje-medlemmar / kr. 700 for medlemmar i Handarbeidslaget Sans og Samling
Trådpakke: kr. 200 (nok til 2 prosjekt av kvart mønster)
Kurshefte: kr. 350
I tillegg treng alle deltakrane kniplepute og kniplepinnar. Vi vil kjøpe inn slik at som ikkje har kan leige eller eventuelt kjøpe. Dette kjem i tillegg til kursavgifta.
Kniplepute: leige kr. 100, eller kjøpe kr. 350.
Kniplepinnar: til utlån, eller kjøpe kr. 8 pr pinne. Ein treng 24 pinnar til dette kurset.
Totalt: kr. 1550 / kr. 1250 (pluss kniplepute og kniplepinnar)
Kursdeltakarane må sjølve ha med
- knappenåler
- saks, penn og papir, til eigne notatar
- mat og drikke