Påmelding konserthelg for storkor 7. - 9. juni
Velkomen til storkor med deltaking av Hardangerkoret, Kvammakoret og Chorus-80 under Hardanger Musikkfest og Hardingtonar i Kinsarvik og Norheimsund! Vi øver i Kinsarvik fredag kveld kl 18-21 og laurdag før konserten laurdag kl 19, og held fram med øving i Norheimsund søndag formiddag kl 10.30 før konserten kl 16.30.

Vi ber om snarleg påmelding, fordi arrangøren i Kinsarvik må ha talet på deltakarar. Vennligst svar SEINAST TYSDAG 21. MAI.

Oppgi epostadresse og namn, og deretter om du vil melde deg på eller ei. (Medlemer i Hardangerkoret brukar dette til å melde at dei ikkje kjem.) Dersom du melder deg på, går du automatisk vidare til alternativ for måltid og overnatting. Par kan fylle ut eit skjema, men skriv i så fall inn førenamn på begge to slik at vi ser det. Etter å ha sendt inn svaret, skal du få ein epost som kvittering med dine svar.

Vi tilbyr overnatting på Hardanger Folkehøgskule med overnatting for ei natt fredag - laurdag eller to netter fredag - søndag med frukost med i prisen. Sjå dei neste sidene om prisar.

Nokre priseksempel:
Opphald i dobbeltrom to netter, alle måltid, ein bagett: kr 1630
Opphald i enkeltrom to netter med alle måltid, ein bagett: kr 2280
Opphald i dobbeltrom ei natt med alle måltid, ein bagett: kr 1105

Påmeldingsavgift er kl 300, og dekkjer mellom anna kaffi, te og smågodt i øvingspausene. Vennligst legg saman prisane for alt du bestiller (husk på å ta med begge dersom de er eit par!), og betal inn påmeldingsavgift og betaling for måltid og overnatting til konto 3450.37.17354 før 1. juni!!!

Kontakt Anne Karin Stormyr på anne.karin.stormyr @kvamnet.no, tlf 913 94 982 eller Gunnar Dalseth på hindhgts@psmail. net, tlf 952 73 845 dersom du har spørsmål. Frist for påmelding: Seinast tysdag 21. mai.
Email address *
Etternamn *
Førenamn *
Blir du med på helga? *
Next
Never submit passwords through Google Forms.
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Privacy Policy