Her kan du søke om TØFT-midlar 2026-2027. Hugs å trykke send når du har fyllt ut skjemaet. Felta merka med * er obligatoriske!
Utlysing av TØFT-midlar 2026-2027 - søknadsfrist: 15. august
Sogn og Fjordane Folkemusikklag lyser med dette ut kr 74.000,- til lag og organisasjonar som ønskjer å arrangere lokale TØFT-samlingar hausten 2026/våren 2027.
Folkemusikklaget driv, gjennom prosjektet Folkedansespor, eit aktivt rekrutteringsarbeid i folkedans vår og haust sidan 2023 med framhald i evt. fleire år. Vi inviterer med dette lokale lag og organisasjonar aktivt med i dette arbeidet og bidreg difor økonomisk til at aktuelle lokale rekrutteringstiltak innan folkedans, -musikk og –song kan realiserast. Dette kan vere helge-, dags- eller kveldskurs/-samlingar.
Midlane skal brukast til miljøskapande aktivitetar innan folkedans, folkemusikk og folkesong for born og unge i Sogn og Fjordane i alderen 9 – 18 år. Arrangement skal gjennomførast innan 30. mai 2027.
Kort rapport og enkelt rekneskap leverast Sogn og Fjordane folkemusikklag innan 15. juni 2027. Innvilga midlar vert utbetalte etter innvilga søknad. Dersom TØFT-arrangementet vert avlyst eller utsett på ubestemt tid, eller at rapport og rekneskap ikkje er godkjendt, kan ein få krav om å tilbakebetale tilskotet i heilheit. Dersom prosjektet resulterar i stort overskot, kan Sogn og Fjordane folkemusikklag gjere krav på utbetaling av heile eller delar av overskotet til utlysing av TØFT-midlar neste år.
Søknadsfristen er 15. august.
Samarbeid med prosjektet Folkedansespor.
Vi oppmodar om at søkjarar knyter prosjektet sitt opp mot prosjektet Folkedansespor, eit rekrutteringstiltak i regi av folkemusikklaget. I prosjektet Folkedansespor, som er leia av Kirsten Johanne Friis, underviser dyktige danseinstruktørar og spelepersonar born og unge i bygdedans- og runddanstradisjonar i skular i Sogn og Fjordane.
Følgjande instruktørar og spelepersonar er:
Nordfjord - Arne Sølvberg og Asbjørg Hustveit Sølvberg på:
Firda vgs, Stryn ungdomsskule, Olden skule og Vågsøy ungdomsskule.
Sunnfjord - Kirsten Johanne Friis og Leon Årdal, Britt Pernille Frøholm, Sigmund Eikås og Ole Nilssen på:
Førde barneskule, Førde ungdomsskule, Sunde barneskule, Naustdal skule, Halbrend skule, Flatene skule, Vassenden skule og Skei skule
Sogn - Johannes og Øygun Kjos, Arne og Eldbjørg Fossøy og Helene Myklemyr Bolstad på:
Luster ungdomsskule
Vi oppmodar lokallagatil å samarbeide med desse skulane når de arrangerar TØFT-samlingar ved evt. å sende invitasjonar dit eller ta direkte kontakt for å invitere med dei elevane som no har fått eit visst kjennskap til bygde- og runddansen i Folkedansesporprosjektet.
Vi oppmodar òg laga til å samarbeide med kvarandre og kulturskulane for kreativ samhandling og slagkraft med fokus på viktig rekrutteringsarbeid. Det er viktig at de ser desse midlane brukt evt. i samanheng med andre midlar utlyste t.d. gjennom Folkorg eller andre sine utlysingar. Treng de meir opplysningar om andre tilgjengelege midlar, sjå FolkOrg sine sider eller ta kontakt med dagleg leiar i SFFL.
Søknadsskjemaet vert stengt etter 15. august!
LUKKE TIL !
Beste helsing
Sogn og Fjordane Folkemusikklag
v/dagleg leiar Nikolai Storevik
tfl. : 47 86 47 82
epost: nikolai@folkemusikklaget.no
Styret v/ leiar Aud Sissel Orheim