Har du lyst har du lov! Bli med oss å skapa nye spektakulære opplevingar under FRIKAR i fossen 2022 med vandreframsyninga GANDR i Åbjøra-juvet!
FRIKARs framsyning i Åbjøra-juvet, Draumefangaren, vart kjempesuksess med utselde framsyningar både i 2018 og 2019!
I 2022 er det ei heilt ny framsyning! Det blir seks framsyningar av GANDR fordelt på to veker: Torsdag 21. til laurdag 23. juli og torsdag 28. juli til laurdag 30. juli!
Framsyningsdagane skjer i to bolkar. For å få gjennomført framsyninga, trengs omslag 120 friviljuge til å fylle roller som mellom anna vakter langs stigen publikum følgjer for å koma til juvet der hovudframsyninga finn stad, folk til billetthandtering, salg av merch, kaffe, saft og bollar, opprigg og nedrigg av utstyr, rydding av stig i forkant, sikring/motvekt, omsorg for utøvarane og andre viktige oppgåver.
Som friviljug får du sjå generalprøva 20. juli, og om du har tre vakter eller meir, får du billett til ei framsyning! Me kan også freiste med 20% rabatt i nettbutikken Ulliver!
Det å vera friviljug er lærerikt og artig! Som friviljug får du koma tett på produksjonen og ta del i både praktiske oppgåver og opplevinga til utøvarar og publikum! I tillegg får du sjå ei framsyning!
Som ein friviljug sa til oss: "Det er en glede å få være sammen med så dedikerte, frie og uredde folk."
Me gler oss til ein ny sumar med spektakulære opplevingar saman med deg, utøvarane og publikum!
Som friviljug vil du få tilbud om å sjå generalframsyninga av GANDR. Om du tek tre vakter eller fleire vil du få billett til framsyning.
For å melde di interesse som friviljug ønskjer me at du svarer på nokre spørsmål i dette skjemaet!
Du kan også ta kontakt med friviljugsjef Oda Hjelle på
e-post:
info@frikar.com TLF: 482 95 502