Her kan du som lærar eller føresett melde på dine elevar/born til TØFT-samling 26.-28. januar 2024.
NB: PÅMELDINGSFRIST 10. DESEMBER!
Det er viktig at de melder på før denne fristen, ettersom ein bestemmer om ein skal halde kurs eller ikkje basert på påmeldingar.
Kurset skjer på Skei skule fredag 26. januar frå kl. 17:30 til søndag 28. januar kl. 14, og er for born og unge mellom 9-18 år for fele, hardingfele, trekkspel og cello. Dei som over 12 år og har spelt i meir enn 2 år kan overnatte fredag-søndag, og dei som er under 12 år og/eller har spelt i mindre enn 2 år kan overnatte frå laurdag-søndag med oppmøte kl. 12:45 laurdag 27. januar. Merk at kurset er gratis! De kan sjå timeplanen for kurset her:
http://www.folkemusikklaget.no/timeplanen-paa-toeft-2024.6629674-433293.html
I år ynskjer vi òg å halde eit lite dagskurs på laurdagen 13:30-15:30 for dei opp til 10 år i folkesong og songdans!