FRIVILLIG - Jordeplerock 2019
Jordeplerock har behov for mange smilande og blide frivillige for å gje våre gjester ei god oppleving. Me set stor pris på alle som vil bidra i løpet av festivalen, både på campen og på festivalområde. Arbeid som frivillig er ikkje lønna.

Via dette skjemaet kan du melde deg som frivillig under Jordeplerock 2019. Dette er meint som eit hjelpemiddel for oss arrangørar og er med på å skape ei betre oversikt. Dei som melder seg på vil bli kontakta med meir detaljert informasjon på eit seinare tidspunkt.

Tryggleik
Dette området går ut på å halde orden på festivalområdet, som i år består av konsertområdet og JordepleCAMP. Ein har i oppgåve å vera godt synleg slik at alle føler seg trygg samt sørge for at alle har det bra. Arbeidsoppgåver varierar i noko grad; frå å sjekke festivalarmband i inngangpartiet, til å stå ved sceneområdet, rydde boss eller å halde orden på festivalcampen. På grunn av dei varierande og noko krevjande arbeidsoppgåvene er det ynskjelig at ordensvaktene er over 18 år.
Kjøkken/ matutsal
JordepleMENY er ein av våre kjennemerker og det seier seg sjølv at denne ikkje blir til over natta. Me treng frivillige i forkant og under festivalen til å produsere store mengder mat. I løpet av konserten er det også behov for frivillige som kan halde styr på grillen, tilberede rettane samt stå for matsalet. Det kan vera ein fordel å ha kjennskap til kasseapparat men dette er absolutt ikkje påkrevd!
Informasjon/ sal
Ved inngangpartiet har det i alle år stått eit informasjonstelt der me også har behov for frivillige. Hovudoppgåvene er å selje billettar, setje på deltakararmband, besvare spørsmål og gi informasjon om busstransport, konsertprogram osb. Pugging av spesifikk informasjon i forkant vil ikkje vera naudsynt, det vil vera ei god oversikt over dette i teltet. Det kan likevel vera ein fordel å ha kjennskap til kasseapparat men dette er absolutt ikkje påkrevd!
Infrastruktur
Me byrja tidlig å byggje festivalområdet og har behov for staute gutar og jenter som ynskjer å ta i eit tak! Arbeidoppgåvene varierer i stor grad, frå å måle "Jordepletromlar" til å bidra til bygging og montering. Hovudmengda av arbeid kjem i forkant av festivalhelga, men like viktig som forberedelsane er også oppryddinga. Dette området er kanskje det området som krev flest arbeidstimar. Kom som du er, ingen spesielle forkunnskapar påkrevd!
Namnet mitt er.. *
Your answer
Telefonnummer *
Your answer
E- postadresse *
Your answer
Eg ynskjer å delta som frivillig under området.. *
Required
Eg har mogeligheit til å stille som frivillig.. *
Required
Dersom du har nokon spesielle ynskjer, kommentarar eller innvendingar, ver ven å formidle det her..
Your answer
Eg gledar meg til sumarens høgdepunkt og ser fram til å spreie glede som frivillig under årets Jordeplerock
Submit
Never submit passwords through Google Forms.
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service