Er du, eller vil du vere instruktør i folkemusikk eller folkedans?
Er du instruktør innan folkemusikk og folkedans, eller ynskjer du å prøve å instruere? Har du tradisjonskunnskaper du ynskjer å vidareformidle? Vil du vere med å bidra til at den levande folkemusikken og folkedansen består?

Sogn og Fjordane folkemusikklag ynskjer å kartlegge instruktørressursane innan folkemusikk og folkedans i Sogn og Fjordane.

Vi veit at det er mange dyktige folkemusikarar og folkedansarar i Sogn og Fjordane med mykje kunnskap om både spel, song og dans. Mange underviser ein del frå før, nokre underviste meir før, andre har kanskje lyst å undervise litt meir, og nokre har ikkje undervist i det heile. Uansett kva gruppe du tilhøyrer, ynskjer vi at du fyller ut dette skjemaet dersom du har lyst. Ved å fylle ut skjemaet betyr ikkje det at du automatisk vert ringt og sett i arbeid i morgon, men at du kanskje får ein uforplikta forespørsel i framtida. Namna på dei som svarar her i denne kartlegginga kjem til å verte publisert, slik òg hardingfela.no har gjort tidlegare. Ynskjer du at vi ikkje publiserer svaret ditt, kan du krysse av for det lenger nede i spørreskjemaet. Spørsmåla merka med * er obligatoriske.

Å undervise og instruere er svært gjevande arbeid, og vi vonar fleire får oppleve gleden av å undervise. Det er òg eit svært viktig arbeid, skal folkemusikken og folkedansen halde fram å vere ein del av kulturen i Sogn og Fjordane.

Kvifor vil vi kartlegge instruktørressursane?   

I vedtektene våre står det at vi i Sogn og Fjordane folkemusikklag arbeider for å ta vare på og vidareformidle folkemusikktradisjonane i Sogn og Fjordane gjennom å arbeide for å auke kunnskapen om, kjennskapen til og interessa for tradisjonelt spel, song og dans. Vi vil difor vite kva folkemusikktradisjonar sit på og er villige til å spre vidare.

Folkemusikklaget har idag fleire prosjekter som jobbar mot dette føremålet, som Folkedansespor, UngLåt, TØFT og Heimelaget. Desse prosjekta treng instruktørar, både innan folkedans og folkemusikk.  

Vi får av og til henvendingar om oppdrag frå eksterne kulturaktørar og andre institusjonar om vi har instruktørressursar, anten på regionalt eller lokalt plan. Vi ynskjer å imøtekome desse, men må då få ein oversikt over kva som fins i Sogn og Fjordane.

Vi ynskjer å få ei oversikt over ståda idag i folkemusikkmiljøet i Sogn og Fjordane, og kartlegging av instruktørressursane er ein del av dette. Dette vil gje oss datagrunnlag å vise til, når vi jobber kulturpolitisk med framming av folkemusikken og folkedansen i Sogn og Fjordane.
Sign in to Google to save your progress. Learn more
Email *
Fullt namn *
Bustad *
Fødselsår *
Telefonr. *
Epost *
Fag (her kan du velge fleire) *
Required
Kva type oppdrag kan du tenkjer deg mtp tidspunkt og varigheit? (Her kan du velge fleire) *
Required
Vil du undervise i grupper, eller kun ein og ein? *
Kunne du tenkjer deg faste oppdrag eller enkeltståande oppdrag (her kan du velge fleire) *
Required
Kor langt er du villig til å reise i dei ulike type oppdraga? Gjelder særleg dei oppdraga som er faste.

Kva aldersgruppe kan du undervise? (Her kan du velge fleire.)

*
Required

Kva kompetanse/erfaring har du innan anten/både innan utøving av musikk eller dans og/eller innan pedagogikk/undervisning?

Kva er din spesialitet mtp. tradisjonsområde, type slått eller dans?

Har du lyst til å ta instruktørkurs dersom dette skulle verte aktuelt?

*
Kryss av her dersom du kun ynskjer å jobbe mot honorar. (Dette vert ikkje publisert uansett kva du kryssar av for nederst).
Clear selection

Har du andre merknadar til svara som du ynskjer å dele?

Ynskjer du at vi deler ditt svar på nett, eller ynskjer du at vi held svaret internt i organisasjonen?

*
A copy of your responses will be emailed to the address you provided.
Submit
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
reCAPTCHA
This content is neither created nor endorsed by Google. - Terms of Service - Privacy Policy

Does this form look suspicious? Report