Vanylven FK - FFO 2021 / 2022
Oppstart 23.august 2021


For born frå 1.-10.klasse

Frå 13.15 til 16.30 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag.

Base for FFO er fotballhallen på Eidsåvoll.

FFO skal:
Skape bevegelse, glede, meistring og samspel gjennom allsidig, tilpassa aktivitet.
Bidra til godt og balansert kosthold, læring av respekt og fair play
Ha leksehjelp for dei som ynskjer det

Aktivitetar:
Alle aktivitetar er varierte og aldrestilpassa. I tillegg til fotball vil det vere aktivitetar tilpassa årstidene. Det kan vere friluftsliv, leik, friidrett med meir.

Prisar pr. mnd:
- 1 dag pr. veke:         720,-  
- 2 dagar pr. veke:    1270,-
- 3 dagar pr. veke:    1670,-  
- 4 dagar pr. veke:    1900,-
- 5 dagar pr. veke:    1980,-

Syskjenmoderasjon: - 25 %

Praktisk informasjon:
FFO fyl skuleruta. Vi vil også forsøke å ha eit tilbod i skuleferiar bortsett frå i sommarferien.
       Pris for enkeltdag vert kr 300,-.
Borna får servert mat og drikke kvar dag.
Mat og skyss frå skulen til Eidsåvoll er inkludert i prisen.
Borna må hentast innan 16:30.
Periodeplanar vert lagt ut på lukka Facebookgruppe slik at ein kan fylgje med på aktivitetane.
Det vert høve til å bestille treningskle frå Telenor Xtra (eigenandel ca kr 100,-).
Borna får eiga korg til oppbevaring av klesskift og utstyr.
Fotballforsikring frå Norges Fotballforbund er inkludert.
Fråvær må meldast til FFO-leiar på sms 923 16 134 innan kl 12:30.
Endring/oppseiing må gjerast skriftleg på FFO@vanylvenfk.no innan den 15. i månaden før
        endringa/oppseiinga skal gjelde frå.


Påmelding:
Frist for hovudopptak var 15.04.2021, men ein kan framleis melde seg på ved å fylle ut dette skjemaet.


Eventuelle spørsmål kan rettast til aktivitetsleiar Anders Sylte Bellen, mobil 923 16 134 eller FFO@vanylvenfk.no.

Sign in to Google to save your progress. Learn more
Email *
Next
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Privacy Policy