Kort info vedrørande søknaden
Når det gjeld søknadsbehandling og tildeling av elevplass er det viktig å vite følgjande:
Hovudopptaket skal kvart år vere 31. januar. Fell 31. januar på ein heilagdag er søknadsfristen første kvardag deretter.
Opptak til skulen kan skje gjennom heile året så lenge det er ledige elevplassar.
Alle søknadene blir behandla konfidensielt
Skulen er godkjent for maksimum 80 elevar. Årlege vedtak for regulering av gruppe/klasse-storleik vil setje skulen sitt maksimale elevtal for skuleåret.
Ved fleire søknader enn det er ledige plassar vil tildeling av skuleplass skje etter skulen sitt inntaksreglement.
Det er tilbod om gratis frukost ved skulen kvar dag frå kl 07.30
Vi tilbyr SFO på ettermiddagen for alle, til sterkt reduserte prisar
Undervisninga startar kvar dag kl 08.30
Vi følgjer skuleruta til den offentlege skulen
Det er ikkje skulepengar ved Hundeidvik Privatskule
Etablering av skuleskyss vil bli handtert av skulen, alle elevar med rett til skuleskyss vil få dette.
Eventuell oppseiing av skuleplass må skje skriftleg og med 3 månadars varsel.
SFO har eige søknadsskjema. Søknadsfrist 1. april
Mottakar av denne søknaden er:
HUNDEIDVIK PRIVATSKULE AS
BLIKHAUGEN 28
6224 HUNDEIDVIK
v/rektor