LEKSEHJELP 2019-2020
I 2010 vedtok Stortinget å innføre ei frivillig og gratis ordning med organisert leksetid for elevar på småskuletrinnet. Meininga er at elevar som ønskjer, skal få høve til å gjere lekser på skulen før dei går heim.

Det er barne- og ungdomsarbeidarar/assistentar som har ansvaret for leksehjelpa. Deltaking på leksehjelpa er frivillig og gratis og skal knytast opp mot skulearbeidet, men ikkje vere ein del av grunnskuleopplæringa. I tilfelle med stort fråvær i personalet og problem med å få vikarar, kan det unntaksvis hende at leksehjelpa går ut.

Dei som deltek i ordninga, får tilsyn og hjelp så langt som tida strekk til. De som er foreldre, kan ikkje gjere rekning med at alle leksene er ferdige når eleven kjem heim. Det er alltid foreldra som har hovudansvaret for eleven sitt heimearbeid og som må kontrollere dette dagleg. Høgtlesing av leselekser passar ikkje å gjere når ei gruppe på 10-15 elevar sit saman på eit rom og skal gjere lekser samstundes, så desse må ein gjere heime einskildvis.

Tidsplan for leksehjelpa 2019-2020 (det kan verte justeringar avhengig av kor mange som melder seg på):

2.-4. klasse: Måndag til torsdag 30 min etter skuletid –totalt 2 t pr. veke
5. klasse: Måndag og torsdag 60 min etter skuletid –totalt 2 t pr. veke

Tilbodet gjeld alle barn i 2.-5. klasse og er ikkje ein del av SFO.
Denne påmeldinga gjeld altså ikkje elevar som har SFO-plass.
Påmeldinga til leksehjelp er bindande og gjeld fram til sommaren 2020 eller til plassen vert sagt opp skriftleg. Fråvær vert registrert. Viss de som foreldre ønskjer å ta barnet dykkar ut av leksehjelpa ein dag, må dette meldast frå om på førehand i Transponder Meldingsbok.


Viss de ønskjer at barnet dykkar skal ha leksehjelp, må de fylle ut skjemaet og returnere det til skulen innan onsdag 28. august 2019.

Oppstart vert måndag 2.september 2019.


Ågotnes, 20. august 2019

Venleg helsing
for Ågotnes skule
Dagfinn Ellingsen
rektor
Email address *
PÅMELDING TIL LEKSEHJELP 2019-2020 *
Namnet til eleven
Your answer
Klasse *
Bekreft at eleven ikkje har SFO-plass. *
Required
A copy of your responses will be emailed to the address you provided.
Submit
Never submit passwords through Google Forms.
reCAPTCHA
This form was created inside of Øygarden skule. Report Abuse - Terms of Service