Rekruttstevne rallylydigheit laurdag 27.10.18
Me ynskjer velkommen til rekruttstevne i rallylydigheit laurdag 27. 10 klokka 10.00.
Hugs at det er felles briefing av bane - og den blir kl. 10.10.

Dommar er Inger Handegård som er godkjent instruktør i Norsk rallylydigheitsklubb.
Pris kr. 50. Du betalar kontakt ved frammøte eller på vipps (vis fram kvittering).
Dei som gjekk rallylydigheitskurset i haust har gratis start inkludert i kursavgifta.

Stevnet går i Gaupne, ved ungdomsskulen, på asfalt (slik at de slepp mykje spennande lukter i bakken og forhåpentlegvis relativt tørr asfalt). Det vil ikkje vera andre hundar nær ringen når du går. Målet er at de skal ha ei så fin oppleving som råd er og prøve dykk korleis det er å starte i rallylydigheit.

Det må vera minst 3 påmeldt for at stevnet vert arrangert.
Det vert premiar til mange og rosettar til dei tre beste.
Det er IKKJE krav om medlemsskap i Luster hundeklubb for å vera med.
Merk at hunden ikkje skal ha oppnådd premiering på offisiell rallylydigheitskonkurranse for å starte.
Me KAN gjera unntak for dette ved spesielle tilhøve.

Link til regelverket finn du her: http://www.rally-lydighet.com/wp-content/uploads/2018/07/Rekruttregelverk-260718.pdf

Meld deg på under via skjemaet.
Du KAN også melde deg på på staden - men hugs at stevnet vert avlyst dersom me får færre enn 3 påmeldt seinast torsdag 25.10.

Spørsmål skal rettast til Inger på mobil 918 35 324
Det vil i utgangspunktet IKKJE verta sendt ut meir informasjon til deltakarane - med unnatak av avlysing dersom det vert for få påmeldt. Men det vert informert på FB sida vårt om antal påmeldte. Startliste vert også lagt ut der.

Tisper med løpetid får starte - men må vera i bilen og gå heilt til slutt.

Her skal me vera
Namn på hund *
Your answer
Rase *
Your answer
Namn på fører *
Your answer
Bur i kva kommune? *
Your answer
E-post fører *
Your answer
Mobilnummer fører *
Your answer
Er det noko spesielt du vil gi melding om? Skriv det her.
Your answer
Submit
Never submit passwords through Google Forms.
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service