Påmelding til øvingshelg med Hardangerkoret 5. - 7. juni i Øystese

Det stemmer, du las rett! Styret har vedteke at vi inviterer til øvingshelg, fordi smittevernreglane har vorte såpass lempa på at det går. Vi held til i område med lite eller ingen kjent koronasmitte, og vi kan trenge å riste oss litt ut av brakkesykje og kjenne korleis songgleda løfter oss både i kropp og sjel. Vi skal ha strenge smitteverntiltak, som forklart nedanfor. Smittevernsjef blir Eva Nærø, og ho er streng!

Det blir på det nye Hardangerfjord Hotel i Øystese som opnar dørene same helg etter å ha vore stengt i vår. Øvingane blir i hotellet sin sal med god plass mellom songarane (minst 1 meter) og faste plassar. Ingen klemming eller fysisk kontakt (det får vi ta att seinare). Fellesmåltid blir servert med god plass mellom oss (men ikkje så stor at vi ikkje kan prate 😊 ), og hotellet førebur og serverer all pausemat. Det blir ingen deling eller utdeling av notar – alle må ha med det vi får beskjed om på førehand. Vi reknar med at berre etablerte par søv på dobbeltrom, og prøver å forhandle ned prisen på enkeltrom. Dersom du ikkje er heilt frisk, kan du ikkje kome, eller må avbryte helga.

Prisane er høgre enn til dømes Thons Hotel Sandven, men då får vi med på kjøpet både øvingslokale og pausemat. Så når vi vrir litt på påmeldingsavgifta blir det ikkje så dyrt likevel.

Prisane vil vere:
Full pensjon med alle måltid i enkeltrom: kr 3490 (to netter) (det forhandlar vi enno om)
Full pensjon med alle måltid i dobbeltrom: kr 3090 (to netter, pr person)
Deltaking med berre lunsj og pausemat: kr 1100 (to dagar) pluss påmeldingsavgift

Påmeldingsavgift: GRATIS FOR KORMEDLEMMER SOM OVERNATTAR
kr 300 for kormedlemmer som ikkje overnattar (med eller utan lunsj)
kr 900 for ikkje-medlemmer (alder 26 år eller over)
kr 600 for ikkje-medlemmer (under 26 år)
Ikkje-medlemmer som blir medlemmer etterpå, får tilsvarande reduksjon i kontingenten.
Vi har ei maksgrense på 50 deltakarar. Av omsyn til hotellet MÅ VI HA SVAR FRÅ ALLE SEINAST TORSDAG 7. MAI PÅ OM DU KJEM.
Oppgi epostadresse og namn, og deretter om du vil melde deg på eller ei. Vi ber kormedlemmer som IKKJE skal vere med om å melde frå om det her. Dersom du melder deg på, går du automatisk vidare til alternativ for måltid og overnatting. Par kan fylle ut eit skjema, men skriv i så fall inn førenamn på begge to slik at vi ser det.

NB! Betal inn påmeldingsavgift og betaling for måltid og overnatting til konto 3450.37.17354!!!

Kontakt Eva Nærø på ev-nae@online.no, tlf 970 78 683, Anne Karin Stormyr på anne.karin.stormyr@ullensvang.kyrkjer.no, tlf 913 94 982 eller Gunnar Dalseth på hindhgts@psmail.net, tlf 952 73 845 dersom du har spørsmål. Frist for påmelding: Seinast torsdag 7. mai. Fristen er særleg viktig!

Du vil få ei kvittering for påmeldinga på epost.
Email address *
Etternamn *
Your answer
Førenamn *
Your answer
Blir du med på korseminaret? *
Next
Never submit passwords through Google Forms.
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Privacy Policy