Påmelding til UngLåt 2021!
Er du mellom 9 og 18 år og driv med folkemusikk?
Tysdag 6.- torsdag 8. juli skipar Sogn og Fjordane Folkemusikklag til sommarkurs på Sunnfjord folkehøgskule i samarbeid med Førdefestivalen!

Send familien din på festival, eller på tur i den flotte Sunnfjordnaturen, og bli med på UngLåt. Her vert det kurs i hardingfele, fele, trekkspel, toradar og song gjennom gruppeundervisning og fellesøkter, leik og moro. Få nye vener og lær nye triks og låtar på instrumentet ditt. Instruktørane er blant dei beste som er å oppdrive her til lands, og fleire av dei møter du att som artistar på Førdefestivalen i løpet av helga. UngLåt er ei glimrande oppkøyring til Førdefestivalen og alle konsertane og arrangementa du kan få med deg der etter kurset.

Sommarkurset varar frå kvelden 6. juli til kvelden 8. juli. Detaljert timeplan vil kome når det nærmar seg til dei som har meldt seg på. Det blir både individuelle timar og gruppetimar, internkonsert og fellesaktivitetar - masse moro!

Kurset har ei deltakaravgift på 800 kroner, og inkluderer alt av aktivitetar og undervising, i tillegg til overnatting på 2-4-mannsrom på folkehøgskulen og kveldsmat tysdag og frukost, lunsj og middag onsdag og torsdag.

Påmeldinga er bindande og deltakaravgifta betalast inn på kontonummer: 3785 12 00771, og merkast med deltakarnamn.

Påmeldingsfrist er 24. juni.


Instruktørar:

Hardingfele – Øyvind Brabant og Maria Skjeldrum Toppe

Fele – Mari Skeie Ljones og Åsmund Arnesen Farstad

Kveding – Camilla Granlien

Toradar - Ingrid Standal Sørheim

Trekkspel - Mads Erik Odde



UngLåt vil bli gjennomført etter gjeldande smittevernreglar og forskrifter.

Du kan ikkje kome på UngLåt om du har, eller nettopp har hatt symptom som sår hals, forkjølelse, lett hoste, muskelsmerte eller hovudverk!
Me vil gå gjennom smittevernreglane ved oppstart av arrangementet.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@folkemusikklaget.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.
Email *
Namn på deltakar *
Fødselsdato på deltakar *
Kva kurs vil du melde deg på? *
Kor lenge har du spela/kveda? *
Allergiar eller særlege omsyn?
Ynskjer du overnatting på folkehøgskulen? *
Namn på føresett(e) *
Epost og telefonnummer til føresette (og eventuelt også deltakar) *
A copy of your responses will be emailed to the address you provided.
Submit
Never submit passwords through Google Forms.
reCAPTCHA
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Privacy Policy