Pilegrimsreise i apostelen Johannes' fotspor sept 2018
Bli med på pilegrimsreise til staden for Johannes' openberring og til viktige kjelder for den europeiske kultur og sivilisasjon. Samstundes gjere sommaren litt lengre med ferie-liv i Egearhavet. Det vert daglege samlingar med bibel- og kulturtime, tidebøner og messefeiring. Dei som vil, kan ta turen til Efesos der apostelen Paulus konfronterte Diana-kultusen, der apostelen Johannes er gravlagd og der Guds Mor Maria truleg budde siste delen av sitt liv.

Turen varer frå sønd. 16. til sønd. 23. september.
Turpris 9400,- t/r Oslo.
Prisen inkl. fly Oslo – Samos, transfer til hotell, båt
Samos – Patmos, 7 overnattingar m/frukost.
Enkeltromtillegg 1300,-.
Pilegrimsprest Ottar Myrseth.

Arrangør er Den nordisk-katolske kyrkja og Borgund folkehøgskole. Det samla opplegget er kortkurs ved folkehøgskolen.

Turen er lagt opp i samarbeid med PLUSS-reiser som er medlem i Reisegarantifondet.

Email address *
Klosteret Johannes Teologen på Patmos
Turprogram
Søndag 16. september
06.00 Avreise Oslo/Gardermoen med SAS
10.55 Ankomst Samos
Transfer med buss til båten til Patmos
13.45 Båtavgang

Søndag 16. til fredag 21. september
Overnatting 5 netter på Skala Hotell
Daglege samlingar med bibel- og kulturtimar, gudstenester og guiding.

Fredag 21. september
15.55 Båt til Samos

Fredag 21. til søndag 23. september
Overnatting på Hotel Labito

Laurdag 22. september
Friviljug utflukt til Efesos (pris ikkje fastsett, ca 900 kr sist år)

Søndag 23. september
Transfer med buss til flyplassen
11.55 Avreise Samos med SAS
14.55 Ankomst Oslo

Fleire program-detaljar vert formidla etter kvart til dei påmelde.

Prisen føreset at vi vert minst 15 reisande. Ein må rekne med tilleggsutgift til reiseforsikring, måltid, tips, turguide og evt. andre aktivitetar/utflukter ein vel å gjere. Det vert 1000 kroner depositum å betale ved endeleg påmelding. PLUSS-reiser tek også atterhald om prisendringar grunna svingningar i valutakurs, devaluering, nye skattar o.l.

I ei grotte på øya Patmos er staden der apostelen Johannes fekk sin store visjon (Joh Op 1,9). Han såg ei dør opna inn til himmelen og ei røyst som sa: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.» (Joh Op 4,1). Vi vil bruke tid på bibeltimar om Openberringsboka.

Idag er Patmos rekna som heilag øy. Det greske parlamentet gjorde vedtak om det i 1983. Øya lever opp til dette som ein stillferdig og fredeleg stad. Vi vil gjeste Johannes-grotta.

Ein dagstur til Efesos er for dei interesserte. Her møtte apostelen Paulus den antikke Dianakultusen, og her stod eit av oldtidas største byggverk: Artemistemplet. Her er apostelen Johannes gravlagd, og her budde han ei tid saman med Jesu mor, Maria.

På Patmos skal vi bu på Skala hotell som ligg sentralt i hamnebyen. Relativt enkel standard i god og triveleg atmosfære. Hotellet har saltvatn-basseng, og det er kort veg til badestrand. Ein vandretur til fjellbyen Cora er absolutt verd det.

Eitt kolli bagasje på flyet er inkl. Valuta i Hellas er euro. Kredittkort kan nyttast. Ingen vaksinekrav, men lurt å ta med mageregulerande middel. Temperaturen er normalt behageleg på 20-talet denne tida. Ta med lette klede, men gjerne ei varm jakke til kveldane. Hugs gode gå-sko.

Namn *
Your answer
Mob *
Your answer
Fødselsdato *
Ved registrering av kurs i folkehøgskolen treng vi fødselsdato ved innrapportering.
Your answer
Adresse
Your answer
Postnr
Your answer
Poststad
Your answer
Ønska stad for utreise
Kommentar
Your answer
A copy of your responses will be emailed to the address you provided.
Submit
Never submit passwords through Google Forms.
reCAPTCHA
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Additional Terms