Kampen for nynorsken og dialektene – med deg på laget?

Er du som oss oppteken av betre sidemålsundervisning, meir nynorsk i akademia og ei språklov som sikrar rettane til brukarar av mindretalsspråk i Noreg?

Norsk Målungdom er den einaste ungdomsorganisasjonen som arbeider for nynorsken og dialektene, og er alltid på leit etter fleire målungdomar som ønskjer å engasjere seg i organisasjonen. På NMU sitt landsmøte i april skal det veljast nye styre.

Viss du er interessert i å stille til val, anbefale nokon du kjenner, eller vil vita meir om kva det vil seia å sitje i sentralstyret eller landsstyret kan du kontakte valnemnda her.

Har du lyst til å stille til eit verv, men er usikker på kva det innebærer? Du kan kontakte Karl Peder frå valnemnda på karlpeder@nynorsk.no.

For å stille til val i NMU må du ifølge lovene: "§6 For å ha røysterett i noko organ i NMU, eller stilla til val til eit tillitsverv, må medlemspengane for inneverande år vera betalte."
    This is a required question
    This is a required question
    This is a required question
    This is a required question