Hei og velkommen til Sogndal Klatreklubb SIL si barne- og ungdomsklatring!
Her kjem påmelding for barne- og ungdomsklatring i regi av Sogndal Klatreklubb SIL.
Klatringen vil starte veke 36 og vil vare til ut i desember.
Instruktørane vil informere om når den siste treninga før jul er.
TRENINGSTIDER:
1.- 2. klassetrinn onsdager 17-19 (foreløpig full)
3.- 4. klassetrinn torsdager 17-19 (full)
5. - 7. klassetrinn fredager 17-19 (full)
8. - 10. klassetrinn onsdager 19-21
Barne- og ungdomsklatringen er delt opp i klassetrinn. Alt etter kor mange det blir på dei ulike trinna kan det vere endringar mtp dager. Trinnet for ungdommar vil ha fokus på trening, teknikk og styrke og difor kan det vere at nokre av 8. klassingane vil kanskje passe betre på trinnet som er tenkt 5-7 klasse. Instruktørane vil vurdere dette fortløpande.
PÅMELDING:
For å melde på barnet/ungdom på klatringen må ein gjere følgande:
- Meld inn deltakaren inn i Sogndal Klatreklubb SIL på MinIdrett FØR ein starter på klatringa.
Det gjerast her:
https://minidrett.nif.no/ Meld medlemsskap" til "Sogndal idrettslag" og gruppa "Klatring".
Følg gjerne denne rettleiinga;
http://www.sogndalidrettslag.no/minidrett- Følg ut skjemaet under.
For å kunne vere forsikra og for å kunne delta på barneklatringa må ein vere registrert i minidrett under "Sogndal Idrettslag" og "Klatring".
PRIS:
Pris barne- og ungdomsklatring:
1-2: 700 kr.
3-4: 700 kr
5-7. 700 kr
8-10: 500 kr (pga desse har dyrare medlemskap på klatresenteret har klubben redusert ned prisen deira)
NB! Nytt frå hausten 2021 er at alle deltakarane må vere medlem på Klatresenteret for å kunne delta på barne- og ungdomsklatring. Barn under 13 år, der 1 av foreldre har plussmedlemskap, slepp kravet om at deltakaren må vere medlem av Klatresenteret.
Sogndal Klatreklubb har fått eigne medlemskapspris. Dette forutsett medlemskap i Sogndal Klatreklubb.
SKK Barnemedlemskap (3-12 år) kr. 149,- per mnd
SKK Klatremedlemskap ungdom kr 349,- per. mnd
For dei som vil teste ut klatring først, kan betale drop-in i resepsjonen på kr. 75,- per gang.
Årsavgift i Sogndal Klatreklubb SIL
Student: kr 150,-
Vaksen: kr 200,-
Barn: kr 50,-
Medlemskontingent SIL: kr 300,-
Faktura vil bli sendt ut i løpet av hausten 2021.
NB! Oppstart av grupper og tidspunkter er med forbehold av deltakarantall og instruktørar, endringar kan kome.
FACEBOOKGRUPPER
Me har ulike grupper på Facebook som brukast til kommunikasjon mellom foreldre/ungdom/instruktør/foreldrerepresentant
Søk dei opp:
SIL Barneklatring 1-2 Klasse
SIL Barneklatring 3-4 Klasse
SIL Barneklatring 5-7 Klasse
SIL Barneklatring Ungdom
PÅMELDING AV FLEIRE KURS ELLER DELTAKARAR:
Uavhenging om ein har deltatt på barne- og ungdomsklatring for tidlegare semester må ein melde seg på igjen kvart semester.
Dersom du ynskjer å melde på fleire ulike kurs, eller å melde på fleire deltakarar, sender du inn skjemaet for kvart kurs/deltakar du vil melde på.
COVID-19:
Det kan bli enkelte forandringar mtp koronasituasjonen, samt det kan skje forandringar i treninga på kort varsel. Vi håpar at barn, unge og vaksne har forståing for dette. Fri på raude dager, helligdager og i skuleferiane.
Vi følger smittevernråd frå FHI og vil tilpasse treninga om nye råd eller veiledninger skulle tilseie dette. Det er viktig at alle barn og unge berre kjem på trening om dei er heilt friske og held seg heime elles.
Vennleg helsing
Barn- og Ungdomsavdeling
Sogndal Klatreklubb SIL