Vil du vera friviljug for Draumefangaren 2019?
Kjære deg - eg tek kontakt med deg fordi du var med oss som friviljug i 2018, fordi du har meld di interesse, eller fordi eg har lyst til å invitere deg til å vera med oss å skape nye spektakulære opplevingar til sumaren!

Premiera i 2018 vart ein kjempesuksess med 5 utselde framsyningar!
I år blir det seks nye framsyningar fordelt på to helger: 26.-28. juli og 2.-4. august!

Friviljuge har ei sentral rolle i vandringa i Åbjøra-juvet, og me treng folk til stirydding og merking, opprigg og nedrigg av utstyr, parkering, billetthandtering, som stivakter og til sikring, transport, matservering og omsorg/servicepersonell for utøvarar.

Det å vera friviljug er lærerikt og artig! Som friviljug får du koma tett på produksjonen og ta del i både praktiske oppgåver og opplevinga til utøvarar og publikum! I tillegg får du sjå ei framsyning, du får ei lita overrasking frå FRIKAR samt rabattkode på kvalitetsklede i ull hjå den Aurdalsbaserte nettbutikken ulliver.no !

Laurdag 1. juni kl. 14.00-18.00 vil me ha ei "Draume-vandring" for gamle og nye friviljuge i Åbjøra - slik at me vert betre kjent med kvarandre og rusta til å støtte utøvarane og hjelpe publikum under framsyningane! Bli med om du har tid til å koma! Du får eigen invitasjon til dette!

Me gler oss til ein ny sumar med spektakulære opplevingar saman med deg og publikum!

For å melde di interesse som friviljug ønskjer vi at du svarer på nokre spørsmål i dette skjemaet - helst før 17. mai!
Kjenner du andre som vil vera med, så be dei ta kontakt på e-post slik at dei også får link til skjemaet!

Om du har spørsmål kan du kontakte friviljugleiar Lene Dieserud på lene@frikar.com

Email address *
Er du over 18 år? *
Fornamn: *
Your answer
Etternamn: *
Your answer
Telefon-/mobilnummer: *
Your answer
Kvar bur du?
Opplevde du vandreframsyninga i fjor, i 2018? *
Var du med som friviljug på Draumefangaren i 2018? (Fleire svar mogleg)
Eg kan ta på meg vakter desse dagane under Draumefangaren 2019 - meld deg gjerne til teneste fleire dagar/ei heil framsyningshelg :-) *
Ja
Nei
Kanskje
Vera med på noko i tida før generalprøve: 7.-24. juli
På generalprøva: Torsdag 25. juli
Fredag 26. juli - framsyning
Laurdag 27. juli - framsyning
Sundag 28. juli - framsyning
Fredag 2. august - framsyning
Laurdag 3. august - framsyning
Sundag 4. august - framsyning
Måndag 5. august - nedrigging
Eg er fleksibel, ta kontakt for nærare avtale
Eg ønskjer helst å bidra med: (Fleire svar mogleg!) *
Required
Har du spesialkompetanse som kan vera nyttig for produksjonen? Eks. handtverkar, sikring/klatring, helsefag/omsorg, matservering...
Your answer
Kva for dag ønskjer du helst å sjå framsyninga, som del av belønninga for innsatsen din som friviljug?! *
Required
Til deg som var friviljug (eller publikum) i 2018, kva var det som fungerte godt, som me lyt passe på å halde fast ved i år?
Your answer
Til deg som var friviljug (eller publikum) i 2018, kva for forslag har du til forbetringar for gjennomføringa av årets produksjon?
Your answer
Forslag til andre oppgåver som friviljuge kan/bør ha:
Your answer
Kva ser du mest fram til med å vera friviljug for Draumefangaren 2019? *
Your answer
Laurdag 1. juni er du velkommen til Friviljug-samling for Draumefangaren 2019 på FRIKAR-SMIA i Aurdal, kl. 13.00-18.00, kjem du?! *
Samtykke til lagring av kontaktinformasjon (om du ikkje samtykker, ta kontakt for vidare dialog om deltaking og send ikkje inn skjemaet) *
Velkommen som friviljug for Draumefangaren 2019! - Helsing frå FRIKAR, ved friviljugleiar Lene Dieserud
A copy of your responses will be emailed to the address you provided.
Submit
Never submit passwords through Google Forms.
reCAPTCHA
This form was created inside of FRIKAR dance company.