Hareid IL ser på moglegheita for å starte opp med aktivitetsordning ved skulestart 2022. Denne aktivitetsordninga vil bestå av alle gruppene i idrettslaget. Gruppene er turn, fotball, handball og friidrett.
Aktivitetane vil bli gjennomført på heile anlegget til Hareid IL.
For å kunne fortsette vidare arbeid sender vi ut eit interesseskjema og håper flest mogleg kan svare på dette. Dette vil bidra stort i forbindelse med planlegging og gjennomføring.
I startfasen ønskjer vi primært og satse på 3. og 4.klasse, tre dagar i veka.
Tidspunkt er noko uklart, men vi ser for oss etter skuleslutt til 16.30/16.45.
Vi ønskjer også å kunne tilby henting på skulane, leksetid, og måltid.
Vi setter pris på rask tilbakemelding, helst før fredag 18.mars.
Ta gjerne kontakt ved andre innspel.
Dette er ikkje ei bindande påmelding, berre kartlegging av interessa.
Med venleg helsing
Ola Kalvø Vattøy
47362493
daglegleiar@hareidil.no