Grunnopplæring i arbeidsmiljø for verneombod, HMS-ansvarlege og medlem av AMU.
Dette kurset gir deg ein god innføring i
korleis vi saman skapar ein trygg, helsefremjande og inkluderande arbeidsplass.
Kurset gir oversikt over regelverk, roller og ansvar i HMS arbeidet, og gir
praktiske verktøy du kan bruke i eigen bedrift. Målet er at du som deltakar skal bli trygg i rolla di, og
forstå korleis arbeidsmiljøet påverkar trivsel, tryggleik og produktivitet.
Også lære korleis godt samarbeid kan bidra til kontinuerlig forbetring.
Tema på kurset:
Arbeidsmiljølova og
forskrifter
Systematisk HMS arbeid
Fysisk arbeidsmiljø
Sjukefråvær
Ergonomi
Beredskap og kriser
Psykososialt arbeidsmiljø
Konflikthandtering og mobbing
AKAN arbeid
I tillegg til dei tre oppsette datoane , skal ein gjennomføre HMS-arbeid i eiga verksemd, og utføre ei heimelekse før siste kursdag.
Du vil få servert kaffi, te, frukt og lunsj alle kursdagane.
Datoer for neste kurs: 15. og 16. september, og 1.oktober 2026. Tidspunkt: 08.00-15.00. Hollundsdalen 11.
Pris: 7200 kr for medlem, 9200 for ikkje medlem.