Gruppearbeid om renessanse og reformasjon

Gruppeinndeling - sjå nedanfor

A. De skal ha ei munnleg framføring med bruk av digitale hjelpemiddel. Det vert rekna 3 minutt per person i gruppa.

B. Gruppa skal  levera ein miniartikkel på 2,5 -3 sider på nynorsk. Denne teksten skal innehalda korrekt bruk av kjelder og ha  litteraturliste. De skal nytta fotnoter slik at det går klart fram kor dei ulike kjeldene er nytta. De skal visa kritisk sans gjennom kjeldebruken.

Det vert lagt mest fagartikkelen i vurderinga. Om vurdering av fagartikkel, sjå her.

Vurdering: I utgangspunktet skal gruppene få ein samla karakter, men det er mogleg med individuelle vurderingar om naudsynt. Gruppene får tilsaman 3 økter til å arbeida med prosjektet.

Ver kreativ, nytt bilete, musikk, filmklipp og vis god bruk av Powerpoint eller tilsvarande.

Elevane skal kunne:

1. Innleiing med vekt på filosofi, religion og anna idegrunnlag(Platon, Aristoteles osb.) (Gruppe 1 skal innleia)

2. Om Europa og Noreg i perioden (historisk bakgrunn) (Her nyttar ein historiebøker og andre historiske kjelder)

For oppgåve 3-8

1. Kvifor var og er desse personane sentrale i europeisk samanhang, og på kva måte har dei teke opp spørsmål som er aktuelle og relevante i dag? 2. Kva rolle spelte dei?

3. På kva måte kan ein seia at dei er typiske for epoken?  

(Stikkord: liv og verk, nytt tekstutdraga i boka eller andre tekstutdrag, kommenter tekstane, kommentar sjangrane). For at de skal få middels eller god karakter er det med andre ord ikkje nok å berre ramsa opp nokre fakta de har funne på Wikipedia.)

3. Absalon Pedersson Beyer

4. Miguel Cervantes

5. Machiavelli

6. Martin Luther

7. Michel Montaigne

8. William Shakespeare

Gruppeinndeling

  1. Henriette, Maria, Birgitte
  2. Andreas E, Per, Andreas F
  3. Connie, Shaniz, John, Roald
  4. Mari, Trine, Daniel
  5. Turid, Rakel, Une, Lisa
  6. Mariell, Siri, Tobias, Sandra
  7. Hans-Christian, Bjørn Håkon, Tore
  8. Jostein, Eirik, Eivind