Lovar for Foreininga Vigrestad Misjonshus
Godkjent på ekstraordinært årsmøte 22.6.2020
1. Foreininga
Foreininga sitt namn er Foreininga Vigrestad Misjonshus og vert driven i fellesskap av
• Vigrestad Misjonsforsamling NLM, tilslutta Norsk Luthersk Misjonssamband - region sørvest.
• NMS Vigrestad, tilslutta Det Norske Misjonsselskap - region Stavanger.
• Norforsamlinga Vigrestad, tilslutta Normisjon region Rogaland.
• Indremisjonsforbundet (IMF) Vigrestad, tilslutta Indremisjonforbundet i Rogaland.
2. Føremål
Føremålet med Foreininga Vigrestad Misjonshus er å samla folket til oppbyggjande møte på Guds ord og den evangelisk lutherske vedkjennings grunn, samt å vekkja og styrkja trongen til bøn og arbeid for misjonen heime og ute.
Dette er ikkje til hinder for at kvar av dei fire organisasjonane kan avgjera kven som skal delta på eigne arrangement. Andre evangeliske grupper kan leiga huset til enkeltmøte i forståing med styret for foreininga.
3. Organisasjonsform
Foreininga er ein frittståande juridisk person med medlemmar, og er sjølveigande. At den er sjølveigande betyr at ingen, korkje medlemmar eller andre, har krav på foreininga si formue eller eigedeler, eller er ansvarleg for gjeld eller andre forpliktingar.
4. Medlemmar
Alle som er medlem i minst eitt av lokallaga på Vigrestad til Norsk Luthersk Misjonssamband, Det Norske Misjonsselskap, Normisjon eller Indremisjonforbundet, er vedkjennande kristen og over 18 år, vert registrerte som medlemmar i Foreninga Vigrestad Misjonshus.
5. Årsmøtet
5.1 Kvart år skal det haldast årsmøte for Foreininga Vigrestad Misjonshus innan utgangen av april. Årsmøtet skal kunngjerast minst tre veker på førehand.
5.2 Årsmøtet er foreininga si øvste myndigheit.
5.3 Årsmøtet vel 2 revisorar.
5.4 Alle betalande medlemmar, som har vore medlem i foreininga i dei siste 12 månadane, og har betalt kontingent, har røysterett (gjeld etter første ordinære årsmøte etter nye lover er godkjent). Røysting må skje med personleg oppmøte.
5.5 Ekstraordinært årsmøte kan kallast inn når 3 styremedlemmar eller 20 røysteføre medlemmar, eller eit fleirtal i ordinært årsmøte krev det. Frist for innkalling er ein månad.
5.6. Årsmøtet fastset medlemskontingent.
6. Styret
6.1 Styret i foreininga vert samansett av 4 medlemmar med personlege varamedlemmar. Det skal vera eitt medlem frå kvar av dei fire lokale organisasjonane: Norsk Luthersk Misjonssamband, Det Norske Misjonsselskap, Normisjon og Indremisjonsforbundet. I tillegg skal det vera ein ungdomsrepresentant frå Unges Misjon, med personleg varamedlem. Denne har forslag- og talerett, men ikkje røysterett. Kvar organisasjon i punkt 1 innstiller sin kandidat og varamedlem. Styremedlemmane vert valde på årsmøtet for to år om gongen.
6.2 Styret vel sjølv leiar, nestleiar, sekretær og kasserar.
6.3 Styret har fullmakt til å disponera økonomien som går til drift og vedlikehald. Tiltak utover dette som nybygg, påbygg, bruksendring, større investeringar (over 1 million) og tiltak som krev pantsetting eller sal av Vigrestad Misjonshus, skal godkjennast av årsmøtet. Dei fire organisasjonane skal i sånne tilfelle få saka til handsaming seinast tre månadar før foreininga sitt årsmøte. Gjennomslag for sånne tiltak, krev 2/3 fleirtal, forutan sal som krev 3/4 fleirtal.
6.4 Om det ikkje vert fleirtal i styret, vert formennene i organisasjonane kalla inn som rådførande organ.
6.5 Styret må vera fulltalig for å vera vedtaksføre.
Styret har ansvar for:
* Å sjå til at huset blir nytta i samsvar med lovane og at årsmøtet sine vedtak vert fylgde.
* Å halda huset ved like og syte for økonomien.
* Å leggja fram årsmelding, revidert rekneskap og budsjett for årsmøtet.
* Å leggja til rette tidsrom for møteverksemda og anna verksemd slik at det vert rettvist fordelt mellom Norsk Luthers Misjonssamband, Det Norske Misjonsselskap, Normisjon og Indremisjonsforbundet samt anna kristent arbeid som er knytt til huset.
* Utleige av huset til samfunnsgagnlege føremål. Det gjeld både næringslivet og det sosiale og kulturelle livet. Programmet for slike samkomer må ikkje vera i strid med huset sitt føremål, og alkohol er forbode.
* Å fastsetja leigetakstar og utleigereglar for møte- og festlokala.
7. Nedlegging.
Dersom Foreininga Vigrestad Misjonshus skulle opphøyra av t.d. ekspropriasjonssal eller av andre grunnar, skal foreininga si nettoformue delast likt mellom lokallaget på Vigrestad til Norsk Luthersk Misjonssamband, Det Norske Misjonsselskap, Normisjon og Indremisjonsforbundet. Om huset vert selt, vert foreininga lagt ned. Dette krev 3/4 fleirtal.
8. Lovendring.
Lovane kan berre endrast på ordinært årsmøte eller forlenginga av dette. Alle framlegg til lovendringar må vera sende skriftleg til styret minst 3 månader før årsmøtet, og dei må vera underskrivne av minst 20 røysteføre personar. Eit samla styre kan og fremja forslag til lovendring. Forslaget må samstundes ut til organisasjonane. Framlegga må ha 2/3 fleirtal.