Ved å vere “tett på” i alle situasjonar fangar vi opp barnet sitt perspektiv og intensjon, som gir grunnlag for å ta gode avgjersle saman med barna.
Barnehagen er utforma slik at barna har stor valfridom i bruk av leikearealet og større valfridom i relasjonar til andre barn og vaksne enn tradisjonelle barnehagar.
Barna skal aktivt vere med på å påverke tilbodet. Dette løyser vi:
gjennom valdagar der barna fritt kan velge aktivitet og leikekameratar på kryss og tvers av gruppene.
ved at dei største barna (4- og 5 årsgruppene) skal vere med på å utforme vekeplanen.
ved at barna på storbarnssona skal inkluderast i arbeidet med å utvikle leikestasjonane og skape endringar i leikemiljøet.
ved at gruppene har ordensbarn med tilpassa oppgåver etter alder og modning.
ved å utføre barneintervju med alle førskulebarn.
ved at barna skal få vere med på å påverke reglane i barnehagen. Blant anna utarbeidar førskulegruppa årleg reglar for venskap, synleg på ein plakat og er gjeldande for alle i barnehagen.
OPPLEVINGAR:
Alle barn skal oppleve å ha ein venn i barnehagen, og kjensle av tilknytning til gruppa. Gjennom observasjonar og aktiv deltaking sikrar vi at ingen barn er ekskludert frå leik og samspel med andre barn.
Vi ønsker å tilby ein kvardag fylt med gode opplevingar. Opplevingar som fremjer utvikling, identitet og medvit. Dette gjer vi blant anna:
gjennom aktivitetar med kano, båt, fisking, friluftsveker, produksjon av snø med snøkanon m.m får barna positive erfaringar i tråd med barnehagen sitt verdisyn.
gjennom systematisk bruk av variert naturmiljø, legg vi til rette for gode og varierte opplevingar. I naturen får sansane våre god stimulering, med spesielt fokus på smak,lukt, føle, syn, hørsel i tillegg til vestibulærsansen (balanse).
gjennom arbeid med tradisjonar og merkedagar (julefest, kunstkafe og sommarfest osv.) i barnehagen deltek barna med song, dramatisering, kunstutstilling, matlaging og andre aktivitetar som stimulerer til både meistring og skaparglede.
gjennom å tilby eit stimulerande og variert leikemiljø i stadig forandring.
gjennom “dagen i dag” tavler, konstruktive tilbakemeldingar ved henting og delte bilete på passordbeskytta side, blir barna hjelpte til å kalle fram att sine opplevingar frå barnehagedagen.
UTEAKTIVITETAR:
Vi nyttar utemiljøet og spesielt nærmiljøet og naturen som ein sentral arena for leik og læring. Ingen andre miljø kan tilby like stimulerande og utfordrande rammer for barn i alle aldersgrupper.
Uteleiken er viktig for barnet si utvikling. Den har god kvalitet når vi stimulerer til bevegelse og legg til rette for variasjon og utfordringar. Det løyser vi ved å:
vere mykje ute - kvar dag.
dagleg planlegge og gjennomføre både styrte og frie uteaktivitetar.
gjere typiske inneaktivitetar som t.d. måltid, samlingar, lesestunder, teikneaktivitetar, ute.
inkludere friluftsaktivitetar som mat på bål, spikking, bruk av tau og knutar osv. i utetida.
utforske, undre oss og oppsøke læringssituasjonar saman med barna.
dagleg legge til rette for, og delta i tradisjonelle leikaktivitetar som ringleik, hoppetau, strikk, regelleik o.l. (lenke til aktivitetar)