Published using Google Docs
Referat - foreldremøte 1. - 2. klasse - vår 2023/2024
Updated automatically every 5 minutes

Tysdag 20.02.2024

FORELDREMØTE 1. OG 2. KLASSE

Status foreldrerolle

Kontaktlærar tok opp at plansje med sitat frå Peder Haug om føresette si rolle for skulestartarar. Tilbakemeldingane frå dei føresette er at det går fint.

Status klassemiljø

Kontaktlærar opplever at det er ein god gjeng som er i 1. og 2. klasse i år. Dei leiker godt i saman, lærer godt i saman, er positive og engasjerte. Dei er glade i å synge og glade i å vera ute på tur.

Det er lite konflikt innad i gruppa.

Den største utfordringa må kunne seiast å vera å finne ein stad å sitta, utan å halda av sete til “sin” ven. Me har difor hatt fokus på den siste tida å kunne sette seg ved sida av kven som helst.

Haustsamling - evaluering

Dei føresette opplevde haustsamlinga som fin. Det var greit med sein samling, og borna likte godt at det var utkledningatema.

Med tanke på tidspunkt kan ein godt legge dette til etter haustferie, men før november.

Som eit aprops til denne haustsamlinga, tok me og opp samarbeid med elevane frå Tonstad. Det vert fortald at det kan vera stor skilnad på korleis dette er. I år har 1. klasse hatt felles samling på Tonstad skule. Klassekontaktane i 3. klasse på Sinnes inviterte elevane frå Tonstad opp til Sinnes skule for felles samling der i januar, medan klassekontaktane på Tonstad inviterte 4. klasse til grillkveld i Øksendal.

Ein bør invitera kvart sitt år.

Sommaravslutning

Me diskuterte sommeravslutninga, og var samde om at det hadde vore ein fin ting å ha sommeravsluttning og overnattingsturen på same tid. Dette sparar tid i ein travel kvardag.

Skulen innformerte om at det var tilfeldig at dette vart gjort i år, og at årsaka bak var ein utsett overnattingstur frå hausten av.

Likevel ynskjer foreldregruppa i 1. og 2. at overnattingstur og sommaravslutning gjerne vert ein og same ting.

Overnattingstur

Ein bør ha ein A og B-plan på desse turane (overnatting på skulen). Fungerer ikkje det, så utsett. Det er ikkje greit at ein som forelder skal måtte planleggje om att fleire gonger.

Siktar ein for høgt ved å leggje turane langt av garde? Bør ein vera nærare skulen? Ein treng gjerne ikkje vera så langt av stad for å få ei felles oppleving? Ein kan gjerne lage turar ut i frå den staden ein skal overnatta?

Vennegrupper

Erfaringa med vennegrupper er at dei ikkje fungerer i praksis. Tanken bak god, men det er uheldig når det ikkje fungerer.

Foreldregruppa stillre spørsmål til årsaka bak.

Kan desse eventuelt organiserast på annleis måte?

På Sinnes er me heldige, og har mange samlingspunkt i kvardagen generelt. Terrengløp, lysløype, kveldskøyringar, bursdagar + +.

Når vennegrupper er ei greie andre stader, er det for elevar på same årstrinn. På vår fådelte skule, er det for stort sprik mellom 1. og 4. klasse.

Borna er og mykje saman grunna fire dagars skuleveke. Skuledagane er lange, og dei mange har heile onsdagar saman på SFO. Det vert lange dagarm, men ungane har det kjekt.

Foreldregruppa ser difor helst at ordninga med venegruppe utgår. Det er likevel greit å ha i “verktøykassa” ved seinare høve.

Klassekasse

Det var einighet om at ein, for å gjera ting meir praktisk, skal betala inn 100,- pr. elev. i starten av året.

Det skal vera foreldrekontakten som har kontroll på pengane. Potensielt overskot kjem me attende til etter at FAU har teke opp saka att.

FAU-representant kontaktar Lena Bøgwald og høyrer rundt det praktiske ved klassekasse.

Foreldrekontaktar 24/25

Val av foreldrekontaktar for skuleåret 2024/2025 vart som følgjer:

1. klasse vara - ta val i august etter skulestart? (vara)

2. klasse: Solveig Marie Ådneram

3. klasse: Ingvild Fagerheim Skadberg (vara)

4. klasse: Almut Becker

Barnehage, foreldregruppe og kontaktlærar ynskjer at kontaktlærar vert presentert så tidleg som mogleg. Gjerne til påskeferie?


Eventuelt

Miljø på skulebuss

Det vart stilt spørsmål frå føresette til andre føresette om borna deira har fortalt om episodar på skulebussen som går sørover. Ingen har høyrt noko spesielt. Foreldre til eit barn har teke ein observasjonsrunde på bussen, og sett at ting ikkje alltid er slik me ynskjer. Gåing i gangar, belter som ikkje er på, huer som nappast…Forelderen fortel og at hen har snakka med bussjåfør, som ikkje var sikker på kva handlemakt han har.

Er det mogleg å gje dei eldre elevane eit utfordring? Kan dei ta meir ansvar?

Kan ein få politiet på besøk og fortelje om transport på buss? Gjerne kopla opp mot trafikktryggleik.


Kontaktlærar 1. og 2 klasse - Sinnes skule

        Foreldrekontakt 23/24

side  av