Retningslinjer for innhenting av politiattest

 

For alle som driv barne- og ungdomsarbeid på misjonshuset skal det innhentast politiattest.

Politiattesten innhentast ved rekruttering av frivillige leiarar som skal ha omsorg for, eller oppgåver knytta til barn og unge. Vi anbefalar at ein politiattest ikkje er eldre enn 3 månader ved framvisning.

I tillegg til politiattest bør også ein «Ledererklæring» signerast og framvisast saman med politiattesten. Dette er meir eit personleg skjema og vil forplikte leiarar i ennå større grad å forstå viktigheten og ansvaret i det frivillege arbeidet dei står i. Denne «Ledererklæring» må gjennomgås med dei frivillege.

Ansvaret for politiattest ligg på organisasjonane (NMS, NLM, IMF og Normisjon) som driv arbeidet og har kontrollen på alle aktørar på misjonshuset. Unges misjon, barnekoret og Yngres som er fellesarbeid blir fordelt slik at NMS tar ansvar for unges, NLM tar ansvar for barnekoret og IMF tar ansvar for Yngres.  Speidaren og sundagsskulen er underlagt sentral organisasjon som ivaretar politiattest.

Det bør vere ein ansvarleg i kvar organisasjon som registrerer attestane og lagar ei enkel liste med navn, registrert dato, og «intet å bemerke» + verv / tilknytning. Attestane skal ikkje samlast inn eller bli oppbevart, kun vist fram til ansvarleg person.

Misjonshusstyret har laga ein mal for «Skjema for bekreftelse av formål med politiattest». Denne må bli fyllt komplett ut av ansvarleg organisasjon, med navn, fødselsnr., stilling/oppdrag, stad, dato og underskrift oppdragsgjevar. Denne blir så sendt til den frivillege som skal ha politiattesten. Sjå vedlagt dokument «Veileder til innhenting av politiattest» for korleis søkeprosessen skal gjerast.

Vigrestad 07.12.2020

Foreningen Vigrestad Misjonshus

Veileder til innhenting av politiattest

Skjema for bekreftelse av formål med politiattest

Ledererklæring