Program IT-forum OU 2017: Alexandra i Loen Program onsdag 22. november
Klokkeslett | Sal 1 | Sal 2 |
09:00 – 10:00 | Registrering med lett servering | |
10:00 – 11:15 | Velkommen til konferansen v/styret i IT-forum oppvekst og utdanning Konturar av framtidas barnehage og skule (PRESENTASJONEN FINN DU HER!) v/Lars Persen,- Education Fast Forward/Scandec Systemer A.S Samfunnet er i kontinuerleg endring og skulen har som oppgåve å førebu elevane på endringane. Dei skal vekse opp med erfaringar som gjer dei til trygge vaksne og dei skal ut i eit arbeidsliv som krev at dei har ein god basis av kunnskap, dugleik, fleksible arbeidsmåtar og problemløysande evner. Korleis kan skulen tilpasse seg, organisere seg og leggje til rette for framtida? Og kva er eigentleg konturane av framtida skule? | |
15 min | Pause | |
11:30 – 12:00 | Auka læring og pedagogisk moglegheiter i Microsoft Utdanning sine løysningar Målgruppe: Pedagogar skule v/Kristoffer Thomsen – Atea og Microsoft Factors that are important when starting to implement these solutions in your school. Focus on productivity, “samskriving og samhandling”, “vurdering for læring” and game based learning and also the importance of good planning and having a pedagogical focus. | Programmering kjem - kva no? Målgruppe: Pedagogar skule v/Ove Olsen – LKK og Trond Hatlenes Høyanger skule Høyanger skule i samarbeid med LKK viser kva dei har jobba med dette skuleåret. Vi får mellom anna sjå korleis ein kan starte kodeklubb med alt frå finansiering, lokaler og instruktørar til kontaktnett i LKK. |
12:00 – 12:30 | Zokrates - tek vekk tidstjuvane for lærarane | Reodorklubben Målgruppe: Alle v/Frode Steen – Multigründer Reodor Klubben er etablert i Protolab Vest sine lokale på Øyrane i Førde. Interessa for praktiske fag har dalt. Færre vil bli snekker eller bilmekanikar. Dei viser at praktisk arbeid og teknologi er kult på populære samlingar kvar torsdag. |
1 time | Lunsj | |
13:30 – 14:00 | Kreative elevaktivitetar med iPad som verktøy Målgruppe: Pedagogar v/Kari Sletten Samland - Feios skule Viser eksempel på korleis elevar kan bruke iPad på ein praktisk og kreativ måte. | Kreativ bruk av teknologi Målgruppe: Pedagogar v/Ove Jonny Lillestøl og Eid vgs og Eid ungdomsskule Sjå kva elevar på desse skulane arbeider med innanfor kreativ bruk av teknologi. |
5 min | Pause | |
14:05 – 15:35 | Workshop – Improving learning with Office365 Målgruppe: Pedagogar skule v/Kristoffer Thomsens – Atea og Microsoft You will get the opportunity to explore some of the pedagogical possibilities for improving learning that Microsoft O365 offers teachers and students. Tools like Office online, OneNote and OneNote Class notebook can be used to organise and assess student understanding in new ways. | Koding som valfag i skulen – erfaringar så langt Målgruppe: Pedagogar v/Vibeke Guttormsgaard og Kristine Sevik, IKT-Senteret Erfaring etter piloten og korleis jobbe med programmering i skuleløpet elles. Workshop – micro:bit, droner og div anna Målgruppe: Alle v/Vibeke Guttormsgaard og Kristine Sevik, IKT-Senteret.Kristine og Vibeke delar sine erfaringar og har med seg ulike “dippeduttar” som kan lære elevar å programmere. |
15 min | Beinstrekk med lett servering | |
15:50 – 16:30 | KS-Ung Målgruppe: Alle v/Siri Hansen – Fagleiar for KS-Ung, KS KS Ung er ei samling digitale læringsressursar til bruk på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule. I tillegg til tekstar, filmar og quiz tilbyr KS Ung tre læringsspel. Spela bidreg til å auke elevane sin kompetanse innan samfunnsplanlegging, offentlege avgjersleprosessar, kommuneøkonomi, medverknad og lokaldemokratiet sin oppbygning og praksis. Les meir på: ks-ung.no. | |
19:00 | Aperitiff i salongen | |
19:30 | Konferansemiddag | |
Program IT-forum OU 2017: Alexandra i Loen Program torsdag 23. november
Klokkeslett | Sal 1 | Sal 2 |
09:15 – 09:30 | Registrering av nye deltakarar | |
09:30 – 10:00 | IKT og språkutvikling – tilpassa opplæring med digitale hjelpemiddel (PRESENTASJONEN ER HER) Målgruppe: Alle v/Åsne Midtbø Aas, Dysleksi Norge Hvorfor er god IKT -bruk så viktig for elever med dysleksi eller spesifikke språkvansker? Hvordan kan en lykkes med å få disse elevene selvstendige? Åsne jobber som pedagogisk rådgiver i DN, og har bakgrunn fra skolen som lærer og rektor. | |
10:05 – 10:45 | Digital praksis i barnehagen Målgruppe: Pedagogar barnehage v/Monica Hartviksdatter Jenssen, IKT-Senteret i samarbeid med Marit Nilsen og Trine Danielsen Selfors, Kirketunet barnehage Ny og tydelegare rammeplan krev at personalet aukar sin digitale kompetanse. IKT-Senteret har fleire ressurser som kan hjelpe til med dette arbeidet. Kom og høyr korleis du kan bruke ulike digitale verktøy til leik, læring og utforsking i barnehagen. | Læring, vurdering og aktive elevar (PRESENTASJONEN) Korleis kan vi bli ein betre skule? Korleis møter vi eleven? Kva verktøy treng vi? |
15 min | Pause med mat | |
11:00 – 12:00 | Allsidig, pedagogisk og kreativ bruk av digitale verktøy Målgruppe: Pedagogar barnehage, styrarar v/Marit Nilsen, Kirketunet barnehage Den nye rammeplanen for barnehage legg føringar for barnehagen sin digitale praksis. Korleis kan digitale verktøy nyttast og kva er dei pedagogiske vala bak. | Workshop - ClassFlow og samhandling Målgruppe: Pedagogar v/Lars Persen,- Education Fast Forward/Scandec Systemer AS Levande læring og vurdering som del av undervisninga og spelbaserte aktivitetar. Deltakarane får vera elevar i 15 minutt, så blir det styrt trening i å laga vurderingar, aktivitetar og enkle leksjonar. PRESENTASJON OG OPPFØLGING: Lars lova dykk som var med på workshopen å sende ei oppskrift på å kopiere og setje inn HTML-kodar for filmar i ClassFlow. Dette blir vist i oppskrifta her, der det og er teke med døme på bruk i Sway og PowerPoint |
12:00 – 13:00 | Lunsj – Samkøyring med Utdanning og oppvekstmøtet | |
13:00 – 13:30 | Leiaren sin digitale kompetanse knytt til pedagogisk bruk av IKT Målgruppe: Leiarar v/Erik Westrum – Senter for IKT i utdanninga Korleis jobbe systematisk og strategisk med implementering av digitale ferdigheiter, praktiske tips og konkrete eksempel frå kommunar. Kva er viktige suksesskriterie for leiarar, både i kommunen og på skulane kopla til teori og praksis? | |
13:30 – 14:00 | Erfaringar på vegen til å bli ein digital kompetent barnehage Målgruppe: Barnehageansvarleg, styrar, pedagogar barnehage v/Trine Danielsen Selfors, Kirketunet barnehage Den nye rammeplanen for barnehage legg føringar for barnehagen sin digitale praksis. Kva ansvar og roller har eigar, styrar og pedagogisk leiar i dette arbeidet? | |
14:00 – 14.15 | Beinstrekk | |
14:15 – 14:45 | Trondheimsskolen – Work in progress (videooverføring) (PRESENTASJONEN FINN DU HER) Målgruppe: Leiarar v/Siw Olsen Fjørtoft, Trondheim kommune Trondheim kommune har satt i gang tiltak for å gje skulane eit kollektivt løft innan digitale ferdigheiter, og meir praktisk og variert undervisning. Elevar og lærarar jobbar i skya, og har meir moderne, nettbasert utstyr som nye moglegheiter for samarbeid og læring. | |
14.45 – 15.15 | KS – Digitaliseringsstrategi i oppvekstområdet Målgruppe: Leiarar oppvekst v/Ellen-Karin Toft Larsen – Spesialrådgjevar, KS og Frode Kyrkjebø, KS Skulen sitt samfunnsoppdrag er å førebu alle barn og unge på å leve med sosial, kulturell og teknologisk utvikling. Framtidas skule skal utdanne elevar til ein stadig meir digitalisert kvardag. | |
Praktisk informasjon:
Alle gjer opp med hotellet individuelt for overnatting, middag, dagpakkar og administrasjonsgebyr på kr 200,-